Meining: Etterdønningar etter flommen

  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

New Articles

Av Elias Sperstad (Sp), ordførar i Skjåk

Ti månader etter flommen i Skjåk blir Glasopor framleis peika ut som den store stygge ulven for det som fanst att i vassdraga. At flommen tok med seg fleire hundre rundballar, søppel og store mengder andre forureinande ting, får forbausande lita merksemd. «Problemet» er at glasopor flyt og er lett synleg. Men produktet i seg sjølv er mindre forureinande enn andre ting flommen tok med seg, og det i det heile teke er forureinande. Fylkesmannen har gjeve bedrifta Glasopor i Skjåk pålegg om å rydde opp, og viser til forureiningslova. Her snakkar vi om ei uventa hending, ein flom av dimensjonar ingen såg føre seg. Ja, det er et slik vi må ta ansvar og sikre eigen eigedomar, men det er umuleg å ta høgde for ei naturkatastrofe som denne. Derfor  er det heilt urimeleg å sende rekninga for opprydding til Glasopor.

Det er og grunn til å minne om at Glasopor heilt frå starten har drive verksemda på industriområde som Fylkesmannen har sett sitt godkjenningsstempel på. Med andre ord såg heller ikkje Fylkesmannen plasseringa av fabrikken og lagerplassen som utsett for flom. Men den kom brått og brutalt. Konsekvensane vart enorme. Etter fleire år med million-underskot, tok bedrifta nye grep og snudde negative resultat til positive. Bedrifta har planar om å vidareutvikle seg i Skjåk. Men må Glasopor bera kostnadane med opprydding,  kan bildet fort endre seg til det negative. Det Glasopor treng nå, er arbeidsro for å kunne utvikle seg vidare i Skjåk. Vi treng desse arbeidsplassane som betyr mykje for Ottadalen. Transportnæringa inkludert, er det snakk om rundt 30 arbeidsplassar. I tillegg kjem arbeidsplassar knytt til anna tenesteyting.

Etterdønningane etter  flommen 14. og 15. oktober er altså framleis store. Vi må rigge oss for liknande hendingar. I Skjåk har arbeidet gått føre seg kontinuerleg etter flommen. Berre i vassdraget Skjøle har NVE teke ut bortimot 500.000 kubikkmeter stein og grus. NVE har og starta opprydding i Åstre. For å sikre Bismo har Skjåk kommune bede  om bistand frå NVE. Kommunen har også rigga industriområde med mellombels flomvoll. Sluttsummen for flomsikring i Skjåk kjenner vi ikkje,  men det er snakk om  eit formidabelt beløp. Rett etter flommen svara kommunalministeren på spørsmål frå underteikna at inndekning heilt eller delvis skjer gjennom skjønnsmiddelsøknad. Vi håpar at det står ved lag. Dessverre  erfarer vi at det tek fortvila lang tid frå søknaden blir sendt til utbetaling skjer.

For 2018 vart det gjennom statsbudsjettet avsett 354 millionar kroner til planlegging og gjennomføring av flom- og skredsikring. Ifylgje NVE er etterslepet på 2,5 til 3 milliardar kroner. Spriket mellom løyving og behov vil berre auke med dei midlane Regjeringa legg i potten. Auka løyvingar til førebyggjande sikringsarbeid er nødvendig og lønsamt. Det kostar meir å reparere enn å førebyggje. Dette har eg ved fleire høve teke til orde for, blant anna  i møte med Justisministeren,  Fylkesberedskapsrådet og Gudbrandsdalstinget. Med dette som bakgrunn  vart det gjeve unison uttale frå Gudbrandsdalstinget til fem departement med klårt bodskap om auke løyving til flom- og skredførebyggjande tiltak. Det er vidare heilt nødvendig at regjeringa saman med kommunesektoren startar arbeidet med utgreiing av eigen forsikrings- og finansordning til kommunal infrastruktur ved naturskade.