Kjartan (20) deltek på heile fire finalespel fredag kveld på Landsfestivalen

Kjartan Haugen Foss har ein travel fredagskveld framfor seg på Landsfestivalen i gammaldansmusikk. Lomværen skal nemleg delta på heile fire finalespel denne kvelden.

Klar for finalespel: Kjartan Haugen Foss frå Lom deltek på heile fire finalespel fredag kveld, under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Kinsarvik.  Foto: Thomas Westling

New Articles

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er i full gang i Kinsarvik. Blant dei mange ottadølane som deltek i tevlingane på festivalen, er Kjartan Haugen Foss frå Lom.

Fredag kveld skal det spelast finale i klassene samspel senior, og lagspel fele/hardingfele senior, og her skal Kjartan faktisk delta heile fire gonger.

I klassa samspel senior skal Kjartan spele finale under namnet Rolf Roys. I klassa lagspel fele/hardingfele deltek Kjartan Haugen Foss med Gamlebanken Spelemannslag, Lom Spelemannslag og Mukampen Spel- og dansarlag.

Her kan du halde deg oppdatert på resultat og anna frå Landsfestivalen i Kinsarvik.