Greidde ikkje å forsvare kongetittelen

346 poeng samanlagt heldt ikkje for skyttaren Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk. Onsdag kveld prøvde han å forsvare kongetittelen på Landsskyttarstemnet i Evje.

Heldt ikkje: Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk prøvde å forsvare kongetittelen på Landsskyttarstemnet onsdag kveld, men enda på ein femteplass samanlagt.  Foto: NRK/Skjermdump

New Articles

Dette var tredje året på rad at Tor Gaute Jøingsli, som representerer Lom og Skjåk skyttarlag, greidde å kvalifisere seg til ein plass på kongelaget og den store finalen under Landsskyttarstemnet.

I fjor vart skjåkværen kåra til skyttarkonge, da han skaut best av alle på kongelaget.

Onsdag kveld var det duka for årets finaleskyting, der Jøingsli skaut ni tiarar og ein niar. Skyttaren fekk altså 99 poeng i finalen, og enda på 346 poeng totalt.

Det heldt dessverre ikkje til å kunne titulere seg som skyttarkonge i år. Jøingsli hamna på ein femteplass på resultatlista.

– Det er litt lurvete. Eg prøvar liksom å halde rytmen, men det blir litt bevegelse, altså pulsgang i våpenet og slik. Så du må liksom berre vera offensiv og prøve å ta det når det er slik cirka. Og da er det ikkje lett å sikre inn 100, oppsummerte Tor Gaute Jøingsli omgangen sin til NRK rett etter skytinga onsdag kveld.

Rasmus Løberg frå Klepp vart årets skyttarkonge med 348 poeng.