Damstuen tilsett som regionsjef

Etter å ha vore konstituert sidan 1. september 2017, er Frode Damstuen nå tilsett i fast stilling som dagleg leiar for Regionrådet i Nord-Gudbrandsdal.

Dagleg leiar: Frode Damstuen (60) er tilsett som regionsjef.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

New Articles

Dette opplyser regionrådsleiar Iselin Vistekleiven i arbeidsutvalet i ei pressemelding.

Stillinga vart lyst ut internt i regionkontoret. Det var éin søkjar til stillinga.

Etter vedtak i arbeidsutvalet 8. juli fekk Frode Damstuen tilbod om stillinga. Han takka ja og er nå på plass som dagleg leiar.

Damstuen har sidan 1. desember 2007 vore tilsett i Regionrådet for Nord-Gudbrandsdal. Fyrst som prosjektleiar, så næringsutviklar, og dei to siste åra har han vore konstituert dagleg leiar.