Landsskyttarstemnet i Evje:

Tor Gaute klar for Kongelaget

Onsdag kveld skal fjorårets skyttarkonge Tor Gaute Jøingsli prøve å forsvare tittelen. Tysdag kveld skaut skjåkværen seg nemleg inn til ein plass på Kongelaget.

Greier han å forsvare tittelen? Tor Gaute Jøingsli frå Skjåk er nok ein gong klar for Kongelaget på Landsskyttarstemnet. I fjor vart han skyttarkonge.  Foto: Arkiv

New Articles

Med sine 247 poeng kom Tor Gaute på ein femteplass under tysdagens kvalifisering til Kongelaget, under Landsskyttarstemnet i Evje.

Jøingsli, som representerer Lom og Skjåk skyttarlag, får dermed skive 5 under finaleskytinga onsdag kveld.

Kongelaget si skyting blir sendt direkte på NRK 1 klokka 19.30 onsdag, og da er det nok mange ottadølar som benkar seg framfor tv-skjermen, for å sjå om skjåkværen greier å forsvare tittelen frå i fjor, da han vart kåra til skyttarkonge.