Det er, som vanleg midt på sommaren i Lom sentrum, totalt parkeringskaos.
Men: Det er som regel god plass ved nedlagte Kiwi, eller Nilsbue, som dei fleste seier.
Ein Fjukenlesar uttrykkjer frustrasjon over plakatane som heng på husveggen.
– Så lenge det står «Kundeparkering» - og at parkeringa er for Kiwi-kundar, vil eg tru turistane ikkje tør å parkere der. Eg trur det er mange lomværar som heller ikkje tør å parkere der, og slik kan det ikkje vera. Desse plakatane må ned, tykkjer tipsaren.
Dagleg leiar i Kiwi, Arnt Rune Vole og eigar av bygget, Ola Steinbakke, seier til Fjuken at dei forstår problemstillinga - og at dei skal sørgje for å fjerne plakatane så fort det let seg gjera.