Leiteaksjon på Sognefjellet

Politiet har sett i gang ein leiteaksjon på Sognefjellet etter ei kvinne i 60-åra.
New Articles

Kvinna skulle gå frå Nørstedalsseter til Sognefjellshytta i går, torsdag.

– Kvinna gjekk frå Nørstedalsseter i går, ved 9-tida om morgonen. Turen til Sognefjellshytta er rekna til å ta om lag ti timar, men vi har fått rapportert at kvinna går sakte. Andre på tur i same område prata med kvinna i går, men ho har altså ikkje dukka opp på Sognefjellshytta og vi har valt å setja i gang ein leiteaksjon, fortel operasjonsleiar ved Innlandet politidistrikt.

Kvinna er norsk og skal vera fjellvant og godt utstyrt.

Mannskap frå Røde Kors Hjelpekorps er varsla og på tur ut i området.

Klokka 14.56 melder politiet at kvinna er funnen i god behald.