Ordførarkandidat Live Langøygard i Vågå Ap:

– Eg måtte ta ein pause frå alt

I 2015 bestemde Live Langøygard seg for å ta ein pause frå all politikk. Ho hadde møtt lettveggen, som ho uttrykkjer det – men nå er ho klar for nye tak.

Drivkraft: – Drivkrafta mi, som alltid har vore der, er at eg reagerer så sterkt på urettvise, seier Live Langøygard, ordførarkandidat for Vågå Ap.  Foto: Vigdis Kroken

New Articles

– Spørsmålet frå valkomiteen, om eg ville stille på toppen av lista, kom som lyn frå klar himmel. Eg var ikkje førebudd i det heile tatt. Da kjensla av vantru gjekk over, spurte eg meg sjølv om eg verkeleg var god nok og flink nok, slik kvinner ofte gjer. Og: Var eg viljug til å opne døra som eg stengde i 2015? Eg landa på ja, og eg kjenner meg trygg på den konklusjonen. Det som vart utslagsgjevande, er engasjementet eg har for Vågå, den intense interessa eg har for politikk og trua på at eg kan vera med på å gjera ein forskjell, seier Live.