Får køyreforbod utan EU-kontroll

Mange er usikre på dei nye reglae for EU-kontroll, viser ei ny verkstadmåling. Berre i mai fekk nær 30.000 bilar bruksforbod fordi dei mangla godkjenning innan fristen.

Nye reglar har gjort det meir aktuelt å samkøyre EU-kontroll med intervallservice og eventuelt eigarskifte, og mange byrjar å oppdage fordelane, viser ei ny verkstadmåling.  Foto: Colourbox

New Articles

– Dei nye reglane har gjeve bileigarane auka valfridom når det gjeld tidspunkt for å få utført EU-kontroll, men det er svært viktig å overhalde den fristen som er satt, seier Arild Hansen, dagleg leiar i Autobransjens Leverandørforening (ABL).

Endringane var i gang frå februar, og inneber at bileigarane kan ta kontrollen når dei vil, så lenge køyretøyet blir godkjent innan fristen. Utan slik godkjenning kan køyretøyet bli avskilta viss ein treffer på Vegvesenet, politiet eller tolletaten.

– I 2018 vart mellom 20.000 og 22.000 køyretøy ilagt bruksforbud kvar månad grunna manglande godkjent kontroll innan fristen. I mai 2019 vart det ilagt 29.409 slike bruksforbod, seier Leif Magne Halvorsen, senioringeniør i Vegdirektoratet, seksjon tilsyn og kontroll.

Gjennom dei nye reglane er også krava til dei som utfører EU-kontrollen skjerpa, slik at dei nå omfattar krav om opplæring og personleg godkjenning for dei som utfører kontrollen, og ikkje berre sjølve verkstaden.

– Her gjeld ei overgangsordning fram til oktober 2021, som gjev verkstadene tid til å sørgje for at kontrollørar og tekniske leiarar som er registrert på overgangsordning oppfyller krava. Hittil har om lag 1.500 kontrollører fått personleg godkjenning av dei totalt 11.927 som er omfatta av registeret, seier Halvorsen. 

Nå har verkstadkjeden Meca laga ei rundspørring blant medlemsverkstadene om korleis forbrukarane forheld seg til dei nye EU-reglane.

– Ni av ti verkstader melder at bileigarane tydelegvis har høyrt om dei, men berre 16 prosent har inntrykk av at dei også forstår kva dei inneber. Denne andelen vil nok raskt auke, seier John-Axel Granberg, kjedesjef i Meca.

Intervallane for EU-kontroll er uendra. Personbilar skal stort sett inn fyrste gong etter to år, og deretter annakvart år, medan køyretøy over 7.500 kilo skal inn kvart år. Vegvesenet kjem til å sende eit påminningsbrev to månader før den endelege fristen.