Torsdag vart det innført restriksjonar på hagevatning i Lom

Stort vassforbruk og omfattande hagevatning gjer at Lom kommune har innført vatningsrestriksjonar. Dette for å sikre vassforsyninga til alle, og for å kunne takle eventuelle akutte hendingar.

Restriksjonar: Lom kommune innførte torsdag restriksjonar på hagevatning. Restriksjonane gjeld ut august.   Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Restriksjonane gjeld frå 11. juli til 31. august, og gjeld for alle som er knytt til Lom vassverk.

Det er i denne perioden tillate å vatne kvar andre dag i tidsrommet 19.00-23.00. Lom kommune opplyser at det er tillate å bruke berre éin spreiar.

Husnummeret ditt bestemmer kva dagar du får vatne. På datoar med oddetal er det tillate å vatne på eigedomar som har nusnummer med oddetal, og på partaldatoar er det tillate å vatne på eigedomar som har husnummer med partal.

Lom kommune ber om at alle viser måtehald ved hagevatning, og at restriksjonane blir fylgde. Om tiltaka ikkje er tilstrekkeleg, kan det i fylgje kommunen bli innført strengare reglar.