– Det var bilisten som hadde skulda, ikkje motorsyklisten

Motorsyklisten reagerer på korleis politiet skildra hendingsforløpet etter trafikkuhellet mellom ein bil og ein motorsykkel på rv 15 i Skjåk onsdag kveld.

Trafikkuhell: Ein bil og ein motorsykkel var involvert i eit trafikkuhell på rv15 ved Ofossen Mølle i Skjåk onsdag kveld.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

– Slik saka har vorte presentert, oppfattar eg det som at motorsyklisten var den skuldige i trafikkuhellet i Skjåk onsdag kveld. Men det som skjedde var at bilen svinga av riksveg 15, og tok ein u-sving. Eg vart ikkje sett, og bilisten køyrde berre uti vegen att og traff meg, seier den kvinnelege motorsyklisten til Fjuken.

Frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt fekk Fjuken etter trafikkuhellet onsdag kveld opplyst at motorsyklisten som låg bak bilen køyrde inn i venstre side på bilen da denne skulle svinge av vegen ved Ofossen Mølle.


Trafikkuhell mellom bil og motorsykkel i Skjåk

Naudetatane rykka onsdag kveld ut etter melding om eit trafikkuhell på riksveg 15 aust for Bismo.

 

Politibetjent Kristian Garcia de Presno som var på ulykkesstaden onsdag kveld, kan stadfeste at vitne har beskrive hendingsforløpet akkurat slik motorsyklisten forklarar det til Fjuken.

– Her var det nok bilisten som var den skuldige, og ikkje motorsyklisten. Bilen køyrde inn i motorsykkelen, seier de Presno.

Politibetjent Kristian Garcia de Presno fortel at ingen av dei involverte i trafikkuhellet i Skjåk onsdag kveld var heimehøyrande i distriktet.