Trafikkuhell mellom bil og motorsykkel i Skjåk

Naudetatane rykka onsdag kveld ut etter melding om eit trafikkuhell på riksveg 15 aust for Bismo.

Uhell: Det var eit trafikkuhell mellom ein bil og ein motorsykkel i Skjåk onsdag kveld. Det er ikkje meld om alvorlege skader.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Ein bil og ein motorsykkel var involvert i eit trafikkuhell på riksveg 15 i Skjåk onsdag kveld.

Uhellet skjedde ved innkøyringa til Ofossen Mølle aust for Bismo.

Naudetatar rykka ut til staden. I fylgje politiet skal det ikkje vera prat om personskader.

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken opplyst at uhellet skal ha skjedd da bilen skulle svinge av riksvegen og innpå brua ved Ofossen Mølle.

– Motorsykkelen låg bak, og køyrde inn i venstre side på bilen da denne skulle svinge av vegen, fortel operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om uhellet klokka 18.49.