Turistbuss velta i Garmo

Ein turistbuss med rundt 20 personar om bord velta på riksveg 15 i Garmo måndag føremiddag.

Bussvelt: Ein turistbuss har velta i Garmo måndag føremiddag.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Politiet melder på Twitter rett før klokka 10.30 at dei har fått melding om ein turistbuss som har velta på rv15 i Garmo. I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt skal bussen liggje på sida i vestgåande retning, om lag 1,7 kilometer vest for Garmo.

I fylgje politiet skal det vera om lag 22 personar om bord i bussen.

Skadeomfanget er uvisst. Naudetatane er på veg til staden.

Rundt klokka 10.30 melder politiet at naudetatane arbeider med å få passasjerane ut av bussen.

Klokka 10.41 melder politiet at det ser ut til å ha gått bra med passasjerane. Evakueringa av passasjerane er godt i gang, og skal gå bra, i fylgje politiet.

Fjuken kjem attende med meir.