Ingen skadd i bussvelt

Ingen vart skadd da ein tysk turistbuss velta på riksveg 15 måndag.

Ingen skadd: Ingen av dei 22 passasjerane i bussen som velta på riksveg 15 måndag vart skadd.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Bussvelt: Ein tysk turistbuss velta vest for Garmo.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Politiet fekk klokka 10.18 måndag melding frå ein tilfeldig forbipasserande, om at ein tysk turistbuss hadde velta på riksveg 15, om lag 1,7 kilometer vest for Garmo i Lom.

I bussen var det 22 passasjerar, som måtte evakuerast gjennom bakruta på bussen.

I fylgje operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt kom alle personane uskadd frå uhellet.

Ein annan buss transporterar passasjerane til Vågå.

I fylgje vitne har bussen møtt eit vogntog med brei last, og kome for langt på kanten og velta.


Turistbuss velta i Garmo

Ein turistbuss med rundt 20 personar om bord velta på riksveg 15 i Garmo måndag føremiddag.