Gokartbana er open i heile sommar

NMK Skjåk ynskjer alle velkomne til fartsfylt oppleving på bana i Botn.

Tor Arild Hidemstrædet og Sverre Dahl ynskjer velkomen til fartsfylte opplevingar på gokart-bana i Skjåk.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

– Det er folk her fire dagar i veka til å ta i mot både enkeltpersonar og grupper, fortel Sverre Melhus Dahl og Tor Andre Hidemstrædet da vi treffer dei på det flotte motorsportanlegget sundag efta.

Bana er open onsdag, fredag, laurdag og sundag.

– Vi har kartar for både ungar og vaksne og vi har ein twinkart der dei aller yngste kan sitja på, seier Sverre og Tor Andre.

Dei fortel at mange har vore innom så langt i sommar, og at ein ventar fleire etter kvart.

Gokart-bana i Botn finn ein 25 kilometer vest for Bismo. Ein må ta ein avstikkar rett før Pollfoss gjestehus og køyre innover skogen eit par kilometer før ein kjem fram.