YTRING:

Kan du ikkje berre teie still!

Ein føresetnad for å kommentere er å veta kva ein kommenterer.
New Articles

av Hans Erik Kjosbakken, redaktør i Fjuken

Eg er fullstendig klar over fenomenet nett-trolling, og det blir stadig prøvd å rydde ut «odotten». Så langt har ein ikkje lykkast.

Vi har heldigvis ytringsfridom i dette landet, og alle skal få seia meininga si. Men det må da vera ein føresetnad at du veit kva du pratar om før du tek til som nett-troll, oppgulpar, sytar, og eg veit ikkje kva.

Fjuken deler alle saker som er publisert i nettutgåva på Facebook, og vi følgjer godt med på kva som blir kommentert – og korleis det blir kommentert.

Det plar gå bra, og det er svært sjeldan vi slettar kommentarar. Eg tør påstå at vi er langt kjappare enn større medium, med å fjerne noko som vi meiner er over streken.

Enda sjeldnare tyr vi til det steget å slette ei heil sak. Eg kjem ikkje i hug om vi i det heile tatt har gjort det – før laurdag morgon.

Da vart ei sak som var basert på ei undersøking gjort av Kommunal Rapport, om rådmennenes arbeidsveke, gjenstand for til dels usmakelege kommentarar.

Det blir vrengt og meint – totalt utan at saka er lese.

Les ein saka, så vil emne og tema vera klart som nafta. Men neida, her blir edder, galle, misunning og mindreverdskompleks synleggjort for alle – utan å veta det minste om kva saka handlar om.

Det var ikkje ein einaste av dei tre rådmennene i Ottadalen som klaga over for mykje arbeid, låk løn eller noko anna. Det var ikkje det det handla om i det heile.

Debatt, meiningar og argumentasjon må det vera, men da må ein veta kva ein meiner noko om.

Det du kommenterer er offentleg, men så lenge det er på vår tråd står vi fritt til å slette. Vi står òg fritt til å publisere det du skriv. Kanskje vi òg tek kontakt for at du skal få utdjupe kommentaren?

Eg blir sint. Rett og slett sint. Er du ikkje i stand til å lesa ei sak, eller har du ikkje lese – kan du ikkje da berre teie still. Eller enda klårare: Halde kjeften din, og iallfall halde fingrane frå tastaturet!