14 dagar til den store Munch-dagen i Vågå

Den 20. juli er det 124 år sidan Edvard Munch kom til Vågå fyrste gong.

Ullinsvin: I Ullinsvin står denne bysten av den store norske kunstnaren.  Foto: Fjuken/arkiv

New Articles

For 2. året på rad blir Munch-dagen i Vågå arrangert den 20. juli. Val av dag er ikkje tilfeldig, det var nemleg denne datoen i 1895 at Edvard Munch kom ned til Vågå fyrste gong.

Munch hadde vandra frå Lillehammer gjennom Gausdal over Fronsfjella og vidare gjennom Sikkilsdalen. Han oppheldt seg i Gjendeområdet før han vandra ned til skysstasjonen Tronhus i Randsverk, og den 20. juli gjekk han siste etappe frå Randsverk og ned til Vågåmo. 

Reisa er dokumentert både i brev, notat og skissebøker, og i gjesteboka i Tronhus. Farsslekta til Edvard Munch budde i Vågå i fleire generasjonar, og Munch besøkte bygda fleire gonger.

I 2018 vart Munch-dagen markert med mellom anna avduking av den fyrste merkestolpen langs den historiske ruta i fotspora til Edvard Munch, som er under etablering frå Gjende til Vågåmo. Ruta vil i stor grad følgje den vegen som Edvard Munch i si tid vandra på, - den gamle ferdselsvegen mellom fjellet og bygda.

Programmet for årets Munch-dag inneheld fleire aktivitetar. Det byrjar med Munch-guiding i Vågå sentrum.  Deretter held det fram på Gammel-Kleppe med eit fagleg program som inneheld både foredrag ved Jon Rustad, tidlegare sokneprest i Vågå, og slektshistorikar Johan Storm Munch. Det blir middag basert på fru Christine Storm Munch si kokebok og kveldskonsert ved Mari Midtli, som syng viser av Edvard Storm.

Arrangørar er Vågå kommune og Munchpunkt Gammel-Kleppe.