Hærverket er oppklart

To unge gutar har tilstått hærverket i Presthaugen.
New Articles

Det var seint onsdag kveld eller natt til torsdag at det vart gjort hærverk i Lom.

Det vart sparka eller rive ned eit gjerde i Loar barnehage og det var sparka fleire hol i eit hønsehus i Presthaugen.

Torsdag gjekk politiet ut i Fjuken og etterlyste moglege observasjonar frå publikum – og politiet fekk svar.

– I løpet av den fyrste timen etter at saka var ute, fekk vi tips som resulterte i at vi tok ein prat med to ungdomar. Desse to har tilstått skadeverket og dei har lagt seg paddeflate, fortel politibetjent Kristian de Presno.

Han nyttar høvet til å takke publikum for tipsa i saka.

Saka er nå er ferdig etterforska frå Lom lensmannskontor – og sendt til påtaleansvarleg i Innlandet politidistrikt.