– Velkomen til den 22. Skjåkutstillinga

Mathilde Skamsar er spent før laurdagens utstillingsopning.
New Articles

I over 20 år har Mathilde Skamsar sytt for at interessa for kunst har utvikla seg i Skjåk. Skjåkutstillinga har vorte meir og meir populær og er ei viktig utstilling for både profesjonelle og amatørar.

Som tidlegare er det den bildande kunsten det er mest av, men ein vil også finne både glaskunst og keramikk i Bøstugu. Utstillinga opnar laurdag ettermiddag og vil bli ståande i fem veker.

– Eg er like spent framfor kvar utstilling, og søv dårleg om nettene. Det blir heller ikkje betre med åra, seier Mathilde.

Fleire kustnarar har vore med i mange år, men fire er heilt nye denne sommaren.

Arkitekten Karl Heldal, som for fleire år sidan arbeidde i Lom og Skjåk er representert med spennande akrylmaleri. I tillegg er Fjuken-teiknaren Fevril, Hans Olav Lien, med. Nye er også Unn Tove Onsum Berg og Kjersti Bækken, sistnemnde med keramikk.