Hærverk i Lom:

Politiet vil ha tips

Einkvan har gjort øydeleggjingar i barnehagen og i Presthaugen.
New Articles

Seint onsdag kveld eller natt til torsdag er det gjort hærverk i Lom.

– Det er sparka eller rivi ned eit gjerde i Loar barnehage og det er sparka fleire hol i eit hønsehus i Presthaugen, fortel politibetjent Kristian de Presno.

Politiet vil gjerne ha opplysningar i det aktuelle området, om observasjonar onsdag kveld eller natt til torsdag.