Kommunebarometeret for 2019:

Lom, Skjåk og Vågå har klatra oppover på tabellen

Kommunebarometeret for 2019 fortel at stoda i Ottadalen er betre enn i 2018.

Framgang: Lom kommune kom på 23. plass av alle kommunane i Noreg.   Foto: Vigdis Kroken

New Articles

Kommunebarometeret er ei samanlikning av kommunane i Noreg, basert på i alt 151 ulike nøkkeltal innan 12 ulike sektorar.

Det er Kommunal Rapport som står bak Kommunebarometeret.

Poenget er å gje eit lettfatteleg bilde av korleis kvar enkelt kommune presterer målt mot resten av kommune-Noreg, for å bidra til ein meir opplyst lokaldemokratisk diskusjon.

Lom hamna på 23. plass i år, som er nest best i Oppland fylke. I fjor kom Lom på 101. plass.

Vågå kom på 87. plass i år. Det er eit gildt byks oppover på tabellen. I fjor kom Vågå på 343. plass.

Skjåk kom på 114. plass i år, mot 260. plass i fjor.

Det er Dovre som toppar kommunebarometeret for Oppland.