Valdsepisode på Countryfestivalen

Politiet etterforskar ei valdsepisode som gjekk føre seg på Countryfestivalen laurdag kveld.

Countryfestivalen: Det aller meste gjekk svært stilt og roleg føre seg under årets Countryfestival i Skjåk, men laurdag kveld skjedde det ei valdsepisode som er under politietterforsking.  Foto: Illustrasjonsbilde/Arve Danielsen

New Articles

Hendinga skal ha skjedd på campingplassen, i ein campingbuss – og vart politimeldt.

Det var tre personar til stades, ei kvinne og to menn. Den eine mannen er mistenkt for å ha slått til den andre, eit slag som resulterte i anten brist eller brot i kinnbeinet. Vedkomande vart sendt til sjukehus.

– Dei to mennene er sist i 20-åra eller rundt 30, fortel politioverbetjent Tor Trønnes ved Lom lensmannskontor.

Han fortel at den mistenkte gjerningsmannen ikkje har erkjent straffeskuld.

Kvinna som var til stades da hendinga gjekk føre seg, er avhøyrt av politiet, som vitne.

Saka er nå sendt til påtaleansvarleg i Innlandet politidistrikt