– Eg tykkjer vi er altfor passive i Lom

– Vi må vera meir offensive, vi må sjå moglegheiter og vi må bruke skilling på å få folk til å flytte til bygda, sa Rolv Enersvold (Sp) i kommunestyremøtet i Lom tysdag.

Må ha mot: – Vi må ha mot til å feile ein eller to gonger før vi lykkast, men vi må vise at vi har vilje til å bruke pengar for å få folk til å etablere seg hjå oss. Vi må vera meir offensive, sa Rolv Enersvold (Sp).  Foto: Vigdis Kroken

New Articles

Rolv Enersvold var den fyrste som tok ordet i høve rulleringa av økonomiplanen, der temaet i fyrste rekkje handla om kva kommunen kan kutte for å spare pengar – eller kva som kan gjerast for å auke inntektene.