Rykka ut til bilbrann i Skjåk

Brannvesen og politi rykka fredag ettermiddag ut til ein bil som stod i brann på riksveg 15.

Utrykking: Ein bil stod i brann ved Dønfoss camping fredag ettermiddag.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Ved operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt får Fjuken beskjed om at politiet ved 14-tida fredag fekk melding om ein bilbrann på riksveg 15 ved Dønfoss camping i Skjåk.

– Brannvesenet er framme og har rapportert om at det ikkje er synlege flammer. Det er ingen personar involvert i brannen, så det er berre politi og brannvesen som har rykka ut til staden, opplyser operasjonsleiaren i Innlandet politidistrikt klokka 14.30.