Ny utstilling på Røisheim

Ei ny utstilling på Røisheim i Bøverdalen vart opna fredag ettermiddag.

Ny utstilling: Runi Langum (til høgre) er rekna som ein av Noregs fremste teiknarar. Bak står Johan Mæhlum frå Galleri Zink og lomsordførar Bjarne Eiolf Holø.  Foto: Privat

Utstillinga er opna: Det var lomsordførar Bjarne Eiolf Holø som fekk æra av å klippe snora og erklære utstillinga for offisielt opna fredag ettermiddag.   Foto: Privat

New Articles

Røisheim Hotell har samarbeidd med Galleri Zink i høve denne utstillinga, som er ei salsutstilling.

Måleria knytt til Aksion på Tande, som vart svært godt besøkt, er pakka saman inntil vidare.

Det er to anerkjende kunstarar som står bak det som nå blir synt fram: Runi Langum og Kjell Bendiksen.

Runi Langum er rekna som ein av Noregs fremste teiknarar. Ho er, fyrst og fremst som biletkunstnar, særleg oppteken av rørsle.  

Kjell Bendiksen er grafikar og målar. Eksperimentering og utprøving av ulike grafiske teknikkar har sidan tidleg på 1970-talet vore ein viktig del av Bendiksens liv som biletkunstnar.