Utforkøyring i Skjåk

Ein motorsyklist har køyrt ut av vegen ved Heggebotn i Skjåk.

Ein motorsyklist har køyrt av vegen ved Heggebotn i Skjåk.  Foto: Privat.

New Articles

Det melder politiet klokka 17.40 torsdag ettermiddag.

Mc-føraren skal vera skadd, men er vaken.

Naudetatane er på staden.

Like før ulykka vart meldt, var det eit større følgje med motorsyklistar som vekte oppsikt på grunn av svært høg fart, blant anna gjennom Bismo.

Politiet melder at ulykka skal ha skjedd da MC-føraren køyrde forbi eit vogntog. Vedkomande skal da ha mista kontrollen og køyrt av vegen.

Motorsyklisten er alvorleg skadd og blir teke hand om av helsepersonell.

Vegen er stengt i båe retningar.