MEINING:

Har vi fått ein Trump i Vågå?

New Articles

av Harald Sve Bjørndal, Bygdalista for tverrpolitisk samarbeid i Vågå

Etter 4 år i kommunestyre og HOKO har eg fått stor respekt for Vågå SV og det representantane deira har stått for. Argumentasjonen har vore sakleg og bidraget til debatten verdfull.

I innlegg etter innlegg slår nå «nye Vågå SV»  til alle kantar for å skaffe merksemd. Velregisert strøymar det ut drypp som skal vri sak til kjensler. Fyrstekandidat for Vågå SV avbildet i skygghuve på sosiale medier med trykt slagord «Make Vågå great again» får ein til å tenkje: Har vi fått ein Trump i Vågå?

Eine dagen påstår dei at Vågå kommune bryt lovverk og vil påleggja rådmannen å bruka midlar på tiltak som ikkje er utgreia. Dei krev at rådmannen må finna midlane. Sjølve har dei ikkje forslag til kor pengane skal hentast. Neste dag kjem det eit innlegg om kor ansvarslause dei folkevald er som ikkje legg politiske føringar for korleis rådmannen skal arbeida for å koma inn i vedtekne budsjettramar.

Saka er den at kommunestyret har vedteke eit budsjett for 2019. Der har vi lagd dei politiske føringane. Rådmannens jobb er å forhalde seg til budsjettet. Treng han politiske føringar utover dette kjem han til kommunestyret. Dette er sjølvsagt «nye Vågå SV» klar over men prøvar å få etablert ei usikkerheit ein kan fiska i. Når Vågå SV framstillar rådmann og kommunestyre som udugelege må eg minna om at Vågå SV sjølve er representert i kommunestyret dei kritiserer. Når ein som folkevald påpeikar feil og manglar bør det etterfylgjast med konstruktive forslag til løysingar.

Ingen av dei folkevalde som her vert kritisert er vel spesielt kvalifisert til oppgåva. Mange kan sikkert stundom ha problem med å skjønna alle samanhengar i alle sakar. Det er vanlege folk som stiller med si livserfaring og haldning til det samfunnet dei vil tryggja. Summen av alle som bidreg gjer at resultatet vert godt nok.