Utforkøyring i Skjåk

Ein eldre mann køyrde av vegen i Skjåk onsdag.

Av vegen: Naudetatane rykka ut til ei utforkøyring på rv15 i Skjåk onsdag.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Politiet fekk klokka 13.23 onsdag melding om ein bil som hadde køyrd av vegen i Skjåk.

Utforkøyringa skjedde på riksveg 15, rett aust for Skjåk kyrkje. Naudetatane rykka ut til ulykkesstaden.

– Det er éin bil med éin person involvert i utforkøyringa. Mannen framstår som uskadd, får vi opplyst frå operasjonssentralen i Innlandet politidistrikt klokka 14.00.

Bilen har knekt ein telefonstolpe og er påført store materielle skader.

Mannen er i fylgje politiet ikkje heimehøyrande i vårt distrikt.