Ulykke aust for Grotli:

Tre alvorleg skadd - fleire luftambulansar på staden

Naudetatar frå aust og vest er på staden.
New Articles

Ulykke ved Grotli

To bilar har kollidert aust for Grotli.

 

Kjartan Waage operasjonssentralen hjå politiet i Innlandet kan fortelja at tre personar er alvorleg skadd i ulykka som skjedde aust for Grotlivatnet onsdag ettermiddag. Etter det Fjuken kjenner til, kan det verke som om ulykka har skjedd øvst i det lokalkjende kjenner som Måsåbakkane.

– To norskregistrerte bilar, den eine ein leigebil, har frontkollidert, tre er alvorleg skadd, dei fem andre har varierande skadegrad. Det er prat om i alt åtte vaksne personar, seier Waage.

Naudetatar frå aust og vest og fleire luftambulansar er på staden.

Riksveg 15 er stengt ved staden, og vil truleg bli stengt lenge. Det blir oppmoda til å nytte andre fjellovergangar mellom aust og vest.

Ulykka har skjedd i området ved Grotlivatnet i Skjåk.  Foto: Google maps