Gjendeosen får ikkje meir pengar frå fylkeskommunen

– Dette handlar ikkje om å stikke kjeppar i hjula for Gjendeosen, men fylkeskommunen har trass alt brukt 20 millionar kroner allereie. Det er nok nå.

Pengestopp: Oppland fylkeskommune vil ikkje gjeva meir pengar til prosjektet på Gjendeosen.  Foto: Statens Vegvesen/Illustrasjon

New Articles

Det seier Anne Lise Fredlund (SV) i Fylkesutvalet i Oppland fylkeskommune, som seier nei til søknaden om å bidra med 18 millionar kroner til etappe 2 i arbeidet med Gjendeosen som nasjonalt reiselivsikon.

Også fylkesordførar Even Aleksander Hagen er klar i si tale:

– Vi har gått fleire rundar i denne saka tidlegare. Til nå har vi løyvd 20 millionar kroner, og det er eit kraftig lyft, det. Ein bør kunne få til ganske mykje for dei midla. Vi var svært tydelege på det sist, at det var siste gongen vi støtta det enkelte prosjektet. Det er rett og slett avgrensa kor mykje fylkeskommunale pengar vi kan bruke på eitt enkelt prosjekt, seier fylkesordføraren.

På dei ti åra som har gått sidan sommaren 2009, da Oppland fylkeskommune løyvde ti millionar kroner til prosjektet, har prislappen omtrent vorte dobla, frå 57 millionar kroner til om lag 100 millionar kroner.

Sluttsummen er ikkje klar ennå, fordi denne avheng av overskjønnet med tidlegare drivar av Gjendeosen. Hausten 2018 vart ho tilkjent 18 millionar kroner av Nord-Gudbrandsdal tingrett fordi ho mista kontrakten for drift av Gjendeosen og Reinsvangen etter 40 år, da Statens vegvesen bestemde seg for å gjera Gjende til eitt av ti «ikonpunkt» ved Nasjonale turistveger.

– Dette handlar ikkje om å stikke kjeppar i hjula for Gjendeosen, men fylkeskommunen har trass alt brukt 20 millionar kroner allereie. Det er nok nå, seier Anne Lise Fredlund (SV).

Etappe 1 av Gjendeosen blir formelt opna onsdag 19. juni, og omfattar mellom anna brygge med lagerbygg på Gjendeosen, og parkeringsareal med servicebygg på Reinsvangen. Etappe 1 er finansiert med tilskot på 20 millionar kroner frå Oppland fylkeskommune, og 5 millionar kroner frå Vågå kommune.

Etappe 2 skal etter planen omfatte nytt servicebygg på Gjendeosen og landskapsrestaurering. Kostnadane for etappe 2 er rekna til 69 millionar kroner, og føresetnaden for at arbeidet skal kunne starte opp, er eit regionalt og lokalt bidrag på 18 millionar kroner.