Kan dette bli eit aktivitetshus?

Det gamle industribygget i Eggjalia kan vera aktuelt som aktivitetshus for ungdom.

Møteplass: Ungdomane i Lom har lenge ynskt seg ein møteplass – og fleire har uttrykt ynskje om ein mekkeklubb. Kanskje kan svaret liggje i det gamle industribygget i Eggjalia.   Foto: Vigdis Kroken

New Articles

Torsdag kveld inviterer Lom kommune alle interesserte til idédugnad – i industribygget.

– Kommunen har fått fleire innspel i høve kva bygget kan brukast til. Vi håpar folk kjem for å dele tankar og idear, oppmodar ordførar Bjarne Eiolf Holø.

Lomsordføraren slår fast at det er god plass i bygget.

– Delar av bygget er brukt av vaktmeistertenesta, arbeidssenteret og Dei gode hjelparane. Det er eit buldrerom i bygget óg, men elles står stort sett heile industrilokalet tomt. Det må ryddast, sjølvsagt, men det er god plass.

– Kva ser Lom kommune føre seg at eit eventuelt aktivitetsbygg for ungdom skal innehalde?

– Det tykkjer eg innbyggjarane og spesielt ungdomane sjølve kan få diskutere seg fram til, men fleire ungdomar har uttrykt ynskje om ein plass dei kan mekke. Andre har uttrykt ynskje om rockeverkstad og ulike aktivitetar knytt til friluftsliv, til dømes flugubinding. Eg tenkjer at poenget må vera at vi er opne for alt. Det blir spennande å sjå kva som dukkar opp av idear på møtet torsdag, svarar ordføraren.

Bjarne Eiolf Holø fortel at målet er å skape ein god møteplass for ungdomane, ein møteplass dei sjølve kan få utvikle og bestemme over.