Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend for 2019 til Edel Aas og Terje Marstein

Edel Aas og Terje Marstein i Vågå er tildelt  Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend for 2019.

Pris: Edel Aas og Terje Marstein fekk tildelt stipendet av Kulturminnefondets nestleiar Jon Birger Østby.  Foto: Kulturminnefondet

New Articles

Aas og Marstein har, med iver og entusiasme, teke vare på ein heilt unik kulturarv i Gudbrandsdalen.

– Grunngjevinga for stipendtildelinga er den store innsatsen som dei gjer med å setja i stand den gamle garden Gardsøi i Vågå. I tillegg er dei sentrale i Fortidsminneforeningen i Nord-Gudbrandsdalen og drivande krefter i restaureringsarbeidet på det industrielle kulturminnet Sagflaten. Paret formidlar og vernar kulturarv som treskurd, gamle omnar, reiskap og teknikkar. Dei er også ressurspersonar og dyktige formidlarar i lokalsamfunnet, heiter det i ei uttale frå Kulturminnefondet.

Stipendet på 50.000 kroner kan nyttast til reiser og foredragsverksemd for å formidla erfaringar frå aktiv innsats i praktisk kulturminnevern over mange år.

– Dette er, rett og slett, unike nasjonale førebilete, sa Kulturminnefondets nestleiar Jon Birger Østby, da han overleverte prisen til paret Vågå. 

Kulturminnefondets nasjonale formidlingsstipend har som føremål å bidra til å skape gode haldningar i høve bygningsvern i Noreg og å begeistra ulike målgrupper og syne korleis det er mogleg å redda kulturarv, sjølv om mykje kan sjå håplaust ut.

Tidlegare stipendmottakarar av Kulturminnefondets formidlingsstipend er Else «Sprossa» Rønnevig, forfattar og bygningsvernar, Erik Alfred Tesaker, fabrikkdirektør ved Handverksfabrikken, også kjend frå NRKs serie «Oppfinneren», Marita Bett Aakre ved Bakketunet på Bjørke og Bror Ivar Salamonsen, tømrer ved RiddoDuottarmuseat i Karasjok og Berit Osmundsen, båtbygjar hjå Oselvarbåten.