Kulturskulen i Skjåk og Lom har gjort inntrykk:

Til Oslo for å medverke til utvikling av kulturskulane i Noreg

At kulturskulane i Lom og Skjåk har vorte lagt merke til, vitnar ein invitasjon frå Kunnskapsdepartementet om.
New Articles

– Vi er invitert til departementet neste veke for å koma med innspel til ei ny stortingsmelding om kulturskulane, fortel rektor Oddrun Kvalheim.

I alt er tolv kulturskulerektorar invitert til innspelsmøtet, dei fleste frå dei store kulturskulane i dei store byane.

– Det står i invitasjonen at vi er bedne fordi ein er kjend med at vi har gjort eit godt arbeid med kulturskulen vår, så det er ei ære og ei tillitserklæring å få vera med på dette, seier Oddrun Kvalheim.