Frekke tomgodstjuvar

I løpet av to netter har tjuvar tømt konteinarar i Skjåk og Lom.

Pengar: Er ein frekk nok, er det mange tusen kroner «å hente» frå pantekonteinarane som er plassert fleire stader.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

New Articles

Skjåk Røde Kors hjelpekorps har fleire konteinarar for panteflasker og -boksar plassert rundt omkring i bygda. Dei har fleire gonger hatt besøk av frekke tjuvar.

Seinast i helga. Ved Bruvoll ved Dønfoss og ved Furuly camping er to konteinarar tømt for flasker og boksar verd fleire tusen kroner.

På Circle K-stasjonen ved Furuly har eit overvakingskamera fanga opp det som kan vera tjuvpakket. Bilda syner ein bil med takboks og atkjennelege ansiktstrekk på to karar.

Hendinga vil bli politimeldt.

Også i Lom er det stole pant frå to konteinarar. Dette er meldt til politiet.

Pantekonteinarane gjev gode inntekter til den friviljuge organisasjonen. I fjor fekk hjelpekorpset i Skjåk inn vel 150.000 kroner frå tomgodskonteinarane.