57 førarar testa for promille

UP hadde promillekontroll på riksveg 15 måndag morgon.

Promillekontroll: 57 førarar måtte blåse da UP hadde promillekontroll i Bismo måndag morgon.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Utrykkingspolitiet (UP) gjennomførte promillekontroll på riksveg 15 lengst aust i Bismo i tidsrommet 07.00-08.15 måndag morgon.

57 førarar vart stoppa og testa for promille. Politioverbetjent Jonny Gundersen i UP fortel at det ikkje vart ein einaste reaksjon.

– Sett frå politiet si side er dette eit svært gledeleg resultat. Det er bra at folk ikkje køyrer i rusa tilstand, seier Gundersen.