Ny siger for damelaget - nå toppar dei tabellen

Lom sitt damelag ligg øvst på tabellen, etter å ha vunne over Øyer-Tretten sundag ettermiddag.

Ny siger: Lomsdamene vann over Øyer-Tretten på Halland i Vågå sundag ettermiddag, og ligg nå øvst på tabellen.  Foto: Heidi Strømstad

New Articles

Lomsdamene slo gjestane Øyer-Tretten 3-0 (1-0) på Halland i Vågå sundag ettermiddag. Målskårarar var Sofie Øvstedal Kristiansen, Lisa Skiaker og Ragnhild Flaten.

Kampen sundag var Lom sin sjette kamp denne sesongen. Etter sundagens siger tronar fjerdedivisjonsdamene frå Lom øvst på tabellen med 15 poeng. Lillehammer ligg på andreplass med 12 poeng, Dombås/Lesja på tredjeplass med 10 poeng, Fron på fjerdeplass med 7 poeng, Øyer-Tretten er nummer fem med 3 poeng, og Brøttum ligg nedst på tabellen med 0 poeng. Dei fire sistnemnde har spelt fem kampar så langt, medan Lom og Lillehammer har spelt seks kampar.

Av dei seks spelte kampane har Lom tapt berre éin kamp.

Neste kamp er mot Dombås/Lesja fyrstkomande tysdag. Kampen blir spelt på Halland i Vågå.


Sjå bilde frå damelaget sin fyrste heimekamp

Lom sitt damelag i fjerdedivisjon møtte Lillehammer på Bismo stadion torsdag ettermiddag. Gjestane måtte reise heim utan eit einaste poeng.