Sjå bilde frå opninga av Lalm rulleskianlegg:

– Maken til rulleskianlegg! Nå får vi håpe at løparar frå heile regionen nyttar seg av det

Per Morten Nyeng i langrennskomiteen i Norges Skiforbund var imponert over rulleskianlegget på Lalm. Sundag var det «rulleskifest» og offisiell opning.
New Articles

– Det er heilt fenomenalt at ein så liten plass som Lalm evnar å få til eit slik tilbod. Dette viser eit samhald og ein dugnadsånd av høg kvalitet. Eg er imponert over det dei har fått til på Lalm, sa tidlegare OL- og verdsmeister Odd Martinsen – eller «Stafett-Martin» - til Fjuken, da han besøkte det ferdigstilte rulleskianlegget i oktober i fjor.