Rekordstor quiz i Skjåkhallen

Over 200 personar deltok på quiz i Skjåkhallen fredag kveld. Rekordmange lag var påmeld!

Klare: Arrangør Leif Skiaker i Breheimen Mat og quizmaster Elias Sperstad.  Foto: Tom Erik Solstad

Kontroll: Sigurd Sveen og Lisa Skiaker hadde litt av ein jobb med å kontrollere svara og kåre vinnarar.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Kva var innbyggjartalet i Skjåk i 1910? Kva heiter god jul på spansk og tysk? Og kva år vart Skjåk-Ola fødd?

Dette var berre noko av det dei 212 personane fordelt på heile 37 lag måtte svare på, under quizen i Skjåkhallen fredag kveld.

Det var Breheimen Mat som tradisjonen tru arrangerte quizen, der ordførar Elias Sperstad var hyra inn som quizmaster.

Under både «Ståk i Skjåk» og «Hausttakk» dei siste åra har det vore tradisjon å arrangere quiz, men aldri har så mange lag og personar delteke som fredag kveld.

«Null ambisjonar», «Markule fjellsikring», «Ekornpatruljen», «Bingobanden», «Familien Glum», «Kakaduene», «Lomseggen Pupp», «Skjåk Tur(ar)lag og «Norsk supperåd», var berre nokre av dei kreative lagnamna som var påmeld den rekordstore quizen i Skjåkhallen.

Det var god stemning i hallen, med folk i alle aldrar til stades. Dei 40 spørsmåla som vart stilt var svært varierte. Med så mange som 37 påmelde lag, fekk teljekorpset litt av ein jobb med å kontrollere svarskjema, og kåre vinnarane.

Som vanleg vart det spekepølse, heider og ære til dei beste laga.

Veit du forresten kor høg Kheopspyramiden i Egypt er? Det var det ikkje så mange andre som visste heller ...