Ny løyperekord i Flækøyhøe Upp

Det vart sett ny løyperekord i motbakkeløpet Flækøyhøe Upp i Skjåk laurdag.

Flækøyhøe Upp: Det vart sett ny løyperekord i motbakkeløpet Flækøyhøe Upp laurdag. 18 personar gjennomførte konkurranseklassa.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Lars Åkernes Rimereit frå Eidsdal IL var raskast av dei 18 startande i konkurranseklassa under årets Flækøyhøe Upp. Rimereit fullførte motbakkeløpet på tida 31:37. Dette var ti sekund raskare enn den førre løyperekorden.

Beste - og einaste - kvinne var Maria Kampesæter Kleiven frå Team Tråblegg med sluttida 53:30.

Beste lokale løparar i konkurranseklassa var Arild Skriden (37:58), Simen Slettede (38:25) og Mathias Slettede (39:48).

I tillegg til konkurranseklassa, fullførte 14 løparar trimklassa.    

Dette var tiande året at motbakkeløpet Flækøyhøe Upp vart arrangert.

Sjå komplett resultatliste her.