Feira god ski-innsats gjennom vinteren

Om lag 60 personar møtte nyleg opp i kantina på Skjåk barne- og ungdomsskule på skiavslutning.

Premieutdeling: Unge skiløparar i Skjåk vart premierte for innsatsen gjennom vinteren.   Foto: Privat

New Articles

I alt har over 90 personar tilknytt Skjåk IL delteke på ski i vinter. Av desse er det 48 personar som har gått minst tre skirenn, og desse fekk ei påskjønning for dette.

Flest renn var det syskena Vetle og Tiril Morken Gartland som hadde. Dei har delteke på alle ni renna som skigruppa har arrangert i vinter.

I tillegg til premiar vart det servert pølse og kake til dei om lag 60 som møtte fram på avslutninga.

– Gjengen tek nå ein god sommarferie, og gjer seg klare for ny sesong i 2020. Skigruppa takkar alle som har hjelpt til med store og små oppgåver gjennom vinteren, seier Håvard Morken Gartland i skigruppa.