– Det blir trist og vemodig å forlate Lom

Sokneprest Einar Gelius gler seg til å koma nærare barn og barnebarn, men samstundes kvir han seg til å forlate Lom.

Lom: – Eg har på mange måtar budd midt i eit folkeeventyr, seier sokneprest Einar Gelius. Sundag 2. juni held han avskjedsmessa si i Lomskyrkja.   Foto: Arkiv/Tom Erik Solstad

New Articles

– Eg har hatt fem gode og interessante år i Lom. Det er mykje eg vil sakne, fyrst og fremst alle menneska eg har vorte kjent med desse åra. Som prest kjem ein jo nær folk – raskt. Det er ingen tvil om at eg har likt meg godt som sokneprest i Lom. På mange måtar har eg budd midt i eit folkeeventyr, med den fantastiske kyrkja, den storslåtte naturen, byggeskikken, folkemusikken, maten...