Rekordtildeling til 703 lokale tiltak på Austlandet:

Fire lag og foreiningar i Skjåk og Vågå får midlar frå Sparebankstiftelsen DNB.

Sparebankstiftelsen DNB deler ut 123,5 millioner kroner fordelt på 703 lokale prosjekt på Austlandet i vårens lokale tildelingsrunde.

Pengar til kulturstig: Nordheradsprosjektet har fått pengar frå Sparebankstiftelsen DNB til merking av kulturstig.  Foto: Arve Danielsen

New Articles

Dette er det høgaste beløpet som nokon gong har vorte delt ut i ei lokal tildelingsrunde, og det høgaste talet på søknader som er innvilga.

Stiftelsen mottok 1978 søknader innan fristen 1. februar. 35,6 prosent av søknadane har fått støtte.

Det er organisasjonar, lag og foreiningar i stiftelsens geografiske kjerneområde: Østfold, Oslo, Akershus, Buskerud, Vestfold, Telemark og Oppland, samt kommunen Ringsaker i Hedmark, som får støtte.

Skjåk idrettslag er tildelt 150.000 kroner til snøskuter og hengar.

Sjårdalen idrettslag er tildelt 60.000 kroner til siktrose på fjelltopp.

Tessand idrettslag er tildelt 147.000 kroner til prepareringsutstyr til skileik og løyper.

Nordheradsprosjektet er tildelt 150.000 kroner til merking av kulturstig.


Fekk pengar til sporleggjar

Tessand Idrettslag kan nå i større grad køyre løyper sjølve.