MEINING:

Ein rådmanns plikt til å informere sine folkevalde

- Vi som folkevalde er ansvarlege for den totale drifta av Vågå kommune og for at vi har «skjelling» til å kunne levere gode tenester til våre innbyggjarar, skriv ordførar Iselin Vistekleiven.

Meining: Ordførar Iselin Vistekleiven.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

New Articles

Av Iselin Vistekleiven - ordførar Vågå kommune

Rådmannen i Vågå har gjennom sitt leiarskap gjort ein god jobb og eg vil takka alle tilsette for ærlege og gode årsmeldingar. Dette er vi som folkevalde heilt avhengige av for å kunne planlegge til det beste for Vågå kommune.

Det blir difor feil å  rette krass kritikk mot Vågå kommune sin rådmann og formannskap for lovbrot og for måten rådmannen har informert folkevalde på.

Rådmannen har etter kommunelovens §4 plikt til å informere sine folkevalde.

Når toppkandidaten til Vågå SV i eit ope møte set ut ein påstand om at Vågå kommune driv si verksemd på ein ulovleg måte, er det rådmannen si plikt å si frå og informere  om reelle fakta i saka. Dette for at vi som folkevalde skal kunne gjera nødvendige grep i drifta viss det er nødvendig. Denne gongen viste det seg at påstanden var feilaktig.

Vi som folkevalde er ansvarlege for den totale drifta av Vågå kommune og for at vi har «skjelling» til å kunne levere gode tenester til våre innbyggjarar. Vi skal sjå heilskapen for vi har ikkje berre ansvar for enkelt områder, stykkevis og delt.  Så kan ein vera einig eller ueinig i prioriteringane som blir gjort utan å gjeva eit formannskap ein karakteristikk som patetisk.