Blåljosaktivitet i Lom også onsdag kveld

Tysdag ettermiddag og kveld var det ein del blåljosaktivitet i og rundt Lom sentrum grunna øving. Det blir tilsvarande øvingsaktivitet onsdag.

Øving: Dei tre naudetatane skal ha øving i Lom onsdag ettermiddag og kveld.  Foto: Illustrasjon

New Articles

Dei tre naudetatane hadde felles øving i Lom tysdag ettermiddag og kveld.

– Det vil bli tilsvarande øvingsaktivitet onsdag, opplyser politibetjent Øyvind F. Aaboen.

Øvinga startar klokka 17.00 i ettermiddag, og vil vare utover kvelden. I samband med øvinga vil det kunne bli ein del blåljosaktivitet i og rundt Lom sentrum.