Naudetatane har øving - blåljosaktivitet i og rundt Lom sentrum

Ser du blåljos i og rundt Lom sentrum tysdag ettermiddag og kveld, er det truleg berre prat om øving.

Øving: Naudetatane har øving tysdag ettermiddag og kveld, noko som vil føre til ein del blåljosaktivitet i og rundt Lom sentrum.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

New Articles

Fjuken får opplyst at dei tre naudetatane skal ha felles øving tysdag ettermiddag og kveld. Dette vil føre til ein del blåljosaktivitet i og rundt Lom sentrum.

Øvinga tek til klokka 17.00, og vil vare i fleire timar utover ettermiddagen og kvelden.