Vil lære deg å lage eiga måling

Med berre fem ingrediensar kan du koke opp di eiga måling. Denne gamle teknikken ynskjer Jørgen Hagen og Ulf Ryen nå å lære bort.

Kurs: Kurslærar Jørgen Hagen og Bjørg Schultz i Vågå Husflidslag håpar fleire vil prøve å lage sieiga måling.  Foto: Kari Margot Odnes

Farge: Ei bytte med fargepigment, som er ein av dei fem ingrediensane til raud måling.  Foto: Kari Margot Odnes

New Articles

Av Kari Margot Odnes

- Rugmjøl, vatn, salt, jernvitrol og fargepigment er det du treng, opplyser Hagen.

Både han og Ryen har god erfaring med denne typen måling, er tilfredse og vil nå gledeleg dele kunnskapen sin om tradisjonshandverket.

Gode eigenskapar

Komposisjonsmåling blir sett på som eit tradisjonshandverk som vart mykje brukt før ein fekk kjøpt spann med måling på byggevarebutikkane.

– I dag er det lite brukt i Noreg. Men i Sverige lev tradisjonen i beste velgåande. Raude låvebygg er ofte måla med slik måling, fortel Hagen.

Sjølv har han måla garasjen sin med denne type måling. Og kan ramse opp fleire gode eigenskapar.

– Komposisjonsmåling er god og solid. Den puster. Det blir ikkje råteskade og den kan vare i 20-30 år. Det er nok med eitt strøk. Og er billigare enn vanleg måling. Du får det til under 10 kroner literen.

Han legg og til at det er ein liten bakdel, og det er at målinga sverter litt av om du kjem innpå ein vegg med komposisjonsmåling. Du kan heller ikkje bruke slik måling på alt mogleg. Kun på ubehandla tre eller om det til dømes er eit hus som tidlegare har vorte måla med komposisjonsmåling.

Treng eit hus

Kurset blir arrangert 25. mai, og det er Husflidslaget i Vågå som står som arrangør. Dei har prata lenge om denne gamle teknikken, og er nå glade for å kunne tilby kurs.

– Det blir mykje tekstilkurs hjå oss, så det er fint å kunne variere med andre type kurs som dette. Kanskje treffer vi litt andre målgrupper og, seier Bjørg Schultz i Vågå Husflidslag.

Men dei har ei lita utfordring. På kurset får deltakarane lære både teori, lage målinga og å måle ein vegg eller eit hus i fellesskap. Derfor ynskjer dei eit lite hus dei kan få måle.

- Gjerne eit lite uthus eller liknande. Har du det, og ynskjer å få det måla, så ta kontakt, seier Hagen.

Påmelding ynskjer dei snarast mogleg med tanke på førebuing.