Stor gåve frå sparebankane til Dronningsetra

Sparebank 1 Lom og Skjåk og Sparebank 1 Gudbrandsdal støttar bygginga av den nye sjølvbetjeningshytta Dronningsetra med 200.000 kroner kvar.

Gåve: Det var stor glede hjå dagleg leiar Therese Hvattum Heramb og styreleiar Magnar Bratlien i DNT Gudbrandsdalen da Kristin Nygård Lonbakken frå Sparebank 1 Lom og Skjåk og Trond Slåen frå Sparebank 1 Gudbrandsdal, troppa opp med kvar sin sjekk på 200.000 kroner i gåve til bygging av sjølvbetjeningshytta Dronningsetra.    Foto: privat

New Articles

I samband med styremøte i DNT Gudbrandsdalen torsdag kveld, møtte assisterande banksjef marknad og kommunikasjon i Sparebank 1 Gudbrandsdal, Trond Slåen og marknads og kommunikasjonsansvarleg i Sparebank 1 Lom og Skjåk, Kristin Nygård Lonbakken,  opp og overrekte kvar sin gåvesjekk pålydande 200.000 kroner til sjølvbetjeningshytta Dronningsetra som skal byggjast i ved Strålvatnet, langs den gamle ferdselsvegen mellom Skåbu og Griningsdalen.

DNT Gudbrandsdalen er langt på veg til å få fullfinansiert hytta og at prosjektet kan realiserast.

Styreleiar i DNT Gudbrandsdalen, Magnar Bratlien, seier i ei pressemelding at DNT Gudbrandsdalen ser hytta som eit viktig bindelegg mellom to viktige fjellområde, Langsua og Jotunheimen. Hytta vil bli eit sentralt overnattingstilbod i tilknyting til både Jotunheimstigen og Peer Gynt-stigen.

Magnar Bratlien poengterte også at DNT Gudbrandsdalen har fått tilbod frå lokal entreprenør på bygging av Dronningsetra. Foreningen har bestemt seg for å gå vidare med denne entreprenøren med tanke på å bygge hytta.

Bratlien rosa dei to bankane for engasjementet for det enkle friluftslivet og for å vere med og bidra til at alle, både barn og unge kan koma seg ut i naturen. DNT er opptatt av å legge til rette for lågterskeltilbod som alle kan delta på.

Styreleiaren sa at bidraget frå dei to lokale sparebankane er eit viktig bidrag for å få realisert byggeprosjektet.

Trond Slåen frå Sparebank 1 Gudbrandsdal og Kristin Lonbakken frå Sparebank 1 Lom og Skjåk, uttrykte stor glede over å få vere med og bidra til realiseringa av Dronningsetra.