MEINING:

Politikk for eit grønare Vågå

- Vi vil være med å gjere vårt for å styrke arbeidet for ein meir klimavenleg politikk i Vågå, skriv Ragnhild Snerle, Marius Haugaløkken og Mette Vårdal, Vågå SP.
New Articles

Av Ragnhild Snerle, Marius Haugaløkken og Mette Vårdal, Vågå SP

Reiselivet i Sjodalen set i gong fleire tiltak for å bli eit grønare og meir bærekraftig turistnæring. For det blir dei titulert som miljø-fanatikarar av Trygve Hegnar. På landsmøtet til Frp applauderte salen på oppmodinga om å være klimaskeptikarar, ei omskriving av det å ikkje tru på menneskeskapte klimaendringar, og ikkje tru på ekspertane. Dette syner kor vanskeleg debatten om klima er, og kor viktig det er at fleire tek del i arbeidet for ei meir klimavenleg verd.

Vi er store beundrarar av Greta Tunberg, den svenske jenta som talar verdsleiarane midt imot. Hennar mot og engasjement er viktig for at fleire skal ta miljøsaka på alvor. Vi deler hennar syn om at det er på høg tid å lytte til ekspertane, å innsjå fakta og endre politikken der etter. Men vår rolle er ikkje den same som Greta Tunberg.

Som lokalpolitikarar tek vi viktige avgjersler som påverkar arbeidet med det grøne skiftet, både positivt og negativt. Vår rolle er å heile tida sjå miljø-aspektet i alle saker, og sørge for at utviklinga lokalt går i riktig retning.

Senterpartiet i Vågå har gjort det. I spørsmålet om regulering av Brustugujordet var det viktig for oss å bevare matjord, og ikkje legge til rette for ein forbrukartrend som legg vekt på aukande omsetjing av langreiste og billige produkt med låg levetid. Vi stemte mot investering i firma som legg til rette for bitmining, ein svært energikrevjande og forureinande næring. Vi stør arbeidet med utvikling av nye produkt basert på lokale fornybare råvarer, som prosjektet med massivtre. Vi er imot utvida hyttebygging i Sjodalen og sårbare områder, og stør reiselivet sin satsing på bærekraft. Og vi ønskjer å legge til rette slik at det skal bli enklare for innbyggjarane i Vågå å gjere klimavenlege val i kvardagen, enten det er kildesortering, reisevaner eller forbruk.

Vi ønskjer å ta spørsmålet om klima og miljø på alvor, og legg vekt på ei bærekraftig utvikling for Vågå. Det må skje ei omlegging, og vi vil være med å snu utviklinga no. Det viktigaste vi kan gjere er å legge til rette for at det finnes bærekraftige alternativ, og at det er enklare for alle i Vågå å velja miljøvenleg.

Vi vil være med å gjere vårt for å styrke arbeidet for ein meir klimavenleg politikk i Vågå.