Valdresflye stengt grunna uvêr

Fv51 over Valdresflye vart ikkje opna laurdag morgon etter nattestenginga.

Valdresflye: Det er uvêr på fv51 over Valdresflye laurdag morgon.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera

New Articles

Statens vegvesen melder laurdag morgon at fylkesveg 51 over Valdresflye er stengt på grunn av uvêr.

I fylgje vegvesenet blir det ei ny vurdering på om vegen skal opnast klokka 13.00 laurdag.

Valdresflye har nattestengt i perioden 20.00-08.00. Nattestenginga gjeld fram til 17. mai, i fylgje Statens vegvesen.