Seks fekk førelegg for høg fart

Utrykkingspolitiet (UP) hadde kontroll på riksveg 15 fredag.

Førelegg: Seks personar fekk forenkla førelegg da UP hadde fartskontroll i Garmo fredag.  Foto: Tom Erik Solstad

New Articles

Fredag hadde UP fartskontroll på riksveg 15 i Garmo. Politiet opplyser at det vart utskrive seks forenkla førelegg under kontrollen. Høgaste fart som vart målt i 60-sona var 73 km/t.

Om morgonen fredag, før fartskontrollen, gjennomførte UP promillekontroll rett aust for Lom sentrum.

– 75 trafikantar vart stoppa og kontrollerte, utan ein einaste reaksjon, seier politioverbetjent Pål Tore Brendløkken i UP.

Fartskontroll: Politioverbetjent Pål Tore Brendløkken i UP.  Foto: Tom Erik Solstad